grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

29 oktober 2008

Hausttid med farger, flom og snø




Haustfargene blir av gode grunner prisa, men ikkje hauststormane med regnvatn som øydelegg vegar og lager ras og gjer varene i kjelleren utrygge. Me merker det også på Søyland i Flekkefjord - særleg dette med grusvegar og turstiar som vert bekkefar. I går hadde me ein fin soldag, som me nytta fullt ut. I tillegg til ein timeslang gåtur, skifte eg til vinterdekk på bilen, og fekk heim litt ved me hadde kjøpt frå Ersdaltun. I natt kom første snøen, den dekte ikkje over alt nedfalle lauv, men har nok greitt å gje noen bilistar ein støkk likevel. - Me tenkjer vel ikkje så mykje på vår eigen personlege "hausttid", som Odd Børretzen syng om i Paradise Bay: "Nå seiler jeg min siste tur ... Jeg heiser mine slitne seil, jeg kaster loss og drar, nå er jeg faktisk klar, min venn...." - Er han klar? Er eg klar?

1 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home