grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

07 april 2010

Ved som varmer to ganger

Vedskog T 070410I dag var Bjørg og eg i vedskog! Det var Johannes Garvik som hadde hogt ned ein masse tømmer og spurte om me var interessert i å rydde opp i kvisthaugene for å få billig brensel. Han hjelpte til med tilhenger og kappsag, og me er takksamme. Så fekk me fint vêr og satte i gang med å traska omkring og kvista dei største greinane og samla dei i tilhengeren. Fem timer med frisk luft og mosjon og  ein god nistepakke! Litt øm iVedskog B 070410 ryggen etterpå og ei god middagskvild då me kom heim, er reine frynsegoder. Og så ein gledesmail på dataen til slutt: Om eg ville stilla som “fritidsforkynner” i Region Sør? Eg er jo takksam for å bli spurt! Me skal opp igjen til Nuland/Gyland også i morgen, før helgeoppgavene tar til: Fredags kveld med musikklaget til Bryne, lørdag bibeltime for etiopierne i Flekkefjord, og søndagskvelden skal eg preika på Tonstad.