Dager uten bilde
85 bilder hadde eg sortert for å plassere i ei fotobok frå våre 100 dager i Awasa. Mange var fine, både av naturen og mennesker, og til sammen ville dei sikkert gje eit bra bilde av opphaldet vårt i Etiopia og den idylliske plassen vår der ved foten av Taborfjellet. Fotoet er av ein fin blomst i fjellsida av tabor. - Men så plutselig slo det meg at noe mangla: Slitet med klesvask, tørking av store dynetrekk for våre 45 sengeplasser, oppreiing av senger til nye gjester som dukka opp, frustrasjon over strømmen til vaskemaskiner som plutselig vart borte - ofte fleire gonger daglig, telefonlinjer som var i ustand, internett som var fryktelig treg, arbeidere som ikkje gjorde det dei skulle, osv. I slike situasjoner var det ingen som tok bilde! Men løftet om at "som dagen din er, skal din styrke vere" står fast, det var vel nettopp på slike dager at forbønna frå misjonsvennene fekk kanalisera Guds styrke til oss. For me kom gjennom også desse dagane!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home