grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

20 november 2006

Møteveke engasjerer

Kretskontoret bad meg ta ei møteveke på Talgje 14-19.november, og eg sa ja fordi eg trudde Vårherre stod bak. Eg satte meg ned med dei bibelorda som hadde betydd mest for meg i det siste, var det desse emnene eg skulle ta fram? Frelse frå forgjengeligheten, bekjennelsen og fellesskapet, misjonskallet, frelsesvisshet, kristenlivet i forsamlinga, og giversinn (ut frå teksta på søndag, Mark 12,41ff). Forsamlinga var gild å tale til, pianister og ledere var vel førebudde. Barna var med, møtekaffe og to vitnemøter hørte også med. Misjonsoffer vart samla inn på to av møtene. Eg fekk bu i heimen til Beate og Magne med deira fire kjekke barn, og hadde det godt der. Det er veldig stort å oppleva ei slik engasjert misjonsforsamling i aksjon, og få lov til å vera ein del av arbeidet. Måtte Herren velsigna Ordet og misjonsvennene.