grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

02 juli 2007

Dueringen 3, Kamilla 11 år



Søndag ettermiddag var det stor fest i Dueringen 3 på Lye: Geir Tore og Margunn hadde flytta inn med esker og møbler i eit stort og godt hus. Og Kamilla feira sin 11-årsdag om ettermiddagen for ikkje å koma i veien for dronningas bursdag 4.juli - dei fyller jo år samme dag! Undheimsfolket hadde møtt mannsterke opp, så kom Bjørg og eg frå Flekkefjord og Bjarne med familie frå Randaberg. Husene i Dueringen ligg lett inntil kvarandre, men inni var det både hjerterom og god plass til både store og små. Både Kamille, Tomas, Joakim og Renate får eige rom! Margunn starta selskapet med å be om Guds velsigning over hus og heim, og den bønna ønsker også me å ta del i - til den Allmektige som høyrer våre bønnesukk.

1 Comments:

  • heisann farfar=) ville bare sei te deg (som en kommentar frå det du skreiv på min blogg) at jarl blir med på salmelidtreffet=)
    snakkes.

    By Blogger bokormen, at 03 juli, 2007 08:02  

Legg inn en kommentar

<< Home