grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

03 november 2008

Gyland bedehus innvidd!




Nesten 350 bedehusvenner fylte alle stuer og ganger i det nye bedehuset som vart innvidd på Gyland søndag ettermiddag, mange var offisielt innbudd, mange familier hadde barna i alle aldrer med seg, mange var gjester frå bygdene omkring - og alle fekk god bevertning, inkludert kaffe og bløtkaker. Dei gode orda frå Bibelen (1.Pet 4:7-11) var det gen.sekr. Hallaråker som kom med, etterpå vart huset innvidd ved skriftlesing og bønn. Så kom informasjoner om bygget og økonomien, og blomster og takkeord til dei som hadde styrt med det heile, byggeleder Johannes Garvik, formannen i byggekomiteen Olaf Fedjestad, og mange andre dugnadsfolk dei siste 2 åra. Helsingene kom til sist, frå ordføreren i Flekkefjord kommune, frå misjonslaga i nabobygdene, og andre menigheter og lag i Gyland. Bjørg og eg slapp til med ei takkegave (bordflagg) for forbønn og omtanke for oss gjennom mange år - og ei påminning om at det ennå er unådde stammer att både i Etiopia og Tanzania. I kollekt og gaver kom det inn over kr. 100.000 den ettermiddagen. Huset står nå ferdig med ei gjeld på 1,3 millioner, det er lite for eit bygg som var kalkulert til over 6 millioner. Det er vakkert, trivelig og svært praktisk til både stormøter, barnelag og private selskap. Den gilde opplevinga i Gyland vil bli seint gløymt!