Orkide, fiskestang og gode ord
68-åringen Bjørg hadde med seg stor kake på dagvakta si på Sykehuset i dag for at arbeidskollegaene skulle få ta del i bursdagen hennes. Utover dagen kom meldingene inn med mange svært gode helsinger og stor blomst som varma på ein dag med kald luft og vind. Fiskestanga prøvde ho på Wahlsodden, den fungerte godt teknisk - sjøl om sluken ikkje falt i fiskens smak. Frokosten stod på bordet då ho stod opp, og middagen var klar då ho kom heim etter operasjonene. Så takker me Herren for god helse og godt samarbeid med kvarandre.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home