grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

25 januar 2011

Internasjonalt og sosialt, men ...


Mandag var det internasjonal ettermiddag på Bedehuset, med eksotiske matretter og videoglimt frå Russland, Tjetjenia, Ukraina, Usbekistan, Azerbadjan og Armenia. Mykje sang og musikk var det også, på uforståelig språk og til framande toner. Dei som deltok, kunne sine ting, og Haugesalen var fullpakka av folk som satte pris på det, både eldre, norske bedehusdamer og ei barnegruppe som sang "Bjørnen sover". Eg vart sitjande med ein kurdisk muslim-familie der dei yngste kunne bra norsk, og alle var smilande og elsverdige og kjekke å prate med. Det var nesten ingen andre enn desse frå Kurdistan her i byen, og etter eitt år her visste dei framleis ingen ting om korleis søknad om opphold ville bli mottatt. Eg fekk også prate litt med fleire etiopiere ved samme bordet. Dei lurte på korleis eg hadde hatt det i deira land, og lærte meir og meir norsk. Ingen klaga over vinterkulden, men uttrykte glede over inngangen i eit nytt fedreland. Det var Flekkefjord menighet i samarbeid med det statlige mottaket som hadde arrangert denne samlinga. Sosialt fungertte den godt, men eg sat likevel igjen med ei kjensle av at noe mangla: Kvifor fekk ingen Gud innpass der bedehus og menighet var i bruk? Kvifor vart ingen norske nasjonalsanger sunge? Var det ein norsk over-forsiktighet som gjorde seg gjeldande i denne fleirkulturelle samlinga, eller ein tankegang som feilaktig antar at folks trosliv til ei ikke-sak?