Misjonærfamilien i gravferd og takksemd
Det var i går at misjonær Ommund Lindtjørn vart gravlagd. Han vart 92 år. Kyrkja på Ogna var fullsatt, det samme var bedehuset under minnestunda etterpå. Vi hadde satt oss i bakre delen av kyrkja då eg kviskra til ein av dei andre misjonærane: "Vi burde vel sett oss lenger fram, vi høyrer jo med til slekta". Misjonssambandet både sentralt og lokalt kom med sine minneord og helsingar. Etiopia-misjonærane følte savnet sterkast, etter Lindtjørns mange år i Etiopia 1949-72 og som rektor ved Fjellhaug Misjonsskole 1972-86. Han var ingen taktiker, men misjonsstrateg og leder som kunne vere både hard og omsorgsfull. Vi visste kvar vi hadde han, klarsynt og uten baktanker. Han var ikkje taletrengt, men når han sa noe vart han respektert av alle. Han fylgte med i tida og samfunnet, hadde fornya sitt abonnement på Time i vår. Misjonærkallet kom til han som 16-åring, det styrte han heile livet. Svært mange av dei eldre misjonærbarna hadde også møtt opp, Asle Jøssang uttrykte stor takk for Skoleheimstida og med Lindtjørn som konfirmantprest. Misjonærane gledde seg storlig over å få treffe kvarandre. Gildt å få treffe enka Eli og dei fire barna: Bernt, John, Elsa og Olav, og mange av barnebarna. Vi er takksamme for både Eli og Ommund (bildet) og lyser fred over hans minne.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home