grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

12 desember 2012

Teltmaker og kunstmaler

Maleriet er hentet frå roylandart.com

Me hadde besøk av Afrika-misjonæren og kunstmaleren Arnfinn Røyland på bedehuset i gårkveld, han gav oss eit ugløymande inntrykk av ei unådd misjonsmark, hard kristenforfølgelse, og malerier som kunne vera ein inngangsport for vennskapsevangelisering. Paulus levde av å sy telt, i tillegg til pengegaver frå menighetene. Arnfinn kunne bruke sin malerkunst for å komme i kontakt med andre - både ved å etablere "malergrupper"  i Afrika og i samtaler med innvandrere i Stavanger. Forteljinger  frå misjonsmøtet skal ikkje skrivast om, berre minnast i våre bønner. Men dei to maleriene han viste oss, av sin bestefar og av geparden - begge med småen ved siden av seg - var virkelig levande og rike på detaljer. Måtte Herren velsigne Arnfinn i all hans gjerning.