grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

16 desember 2013

Florida (2): Broder Tønnes

Det var svært gildt og gjevande å få vere sammen i to veker og prate om barndommen vår, om far og mor, og om livet vårt i dag. Tønnes reiste til Amerika som 19-åring i mars 1958 etter at onkel Halvard (mors bror) hadde stilt garanti for han. Reisa kom på ca.$ 200 med Stavangerfjord, og tok 8 dager, pengene hadde han spart opp etter arbeidet på Knaben gruver. Halvard tok vel imot han, sammen med Isak Liland og kona Karen, fars halvsøster. Tønnes og Halvard hadde eit soverom kvar i ein liten hybel, men åt ute i ein av dei mange "norske" restaurantene. På denne tiden hadde Brooklyn 63000 norskfødde innbyggarar. Onkelen satte Tønnes inn i arbeidet som "floorlegger", han fekk $10 i daglønn. Etter eitt år flytte han sammen med Sigbjørn, skolekameraten hans frå Kvås. Sigbjørn fekk seg ei jente som han vart gift med, og denne jenta hadde ei venninne, Dorothy - som Tønnes gifta seg med i februar 1961, med meg som "bestman", forlover. Dei vart buande i 171 - 70.Street i Brooklyn til 1965 då dei flytta til New Jersey. Tønnes hadde harde arbeidsdager omkring i heile New York i alle år med treinnretninger i alle slags hus. Men av og til var det så vanskelig med arbeidsoppdrag at både han og andre tømmermenn drog frå det eine byggearbeid til det andre for å høyre om dei hadde bruk for folk.
Då han vart 65 år, pensjonerte han seg og dei flytta til Florida og bygde hus der i byen Lakeland, og fant seg ein svært gild og inkluderande menighet, Lake Gibson Church. Døtrene var då gifte og budde sammen med familiene sine i Mississippi (Karen Marren) og i Pennsylvania (Lisa Simon). Dorothy hadde vore svært sjuklig i fleire år før ho døydde i oktober 2009. Året etter (16/10-2010)gifta han seg med enka Addie DeBow, pianist i menigheten. Han ville selge huset sitt, men fekk ingen kjøper då, og fant ut at Addies hus ville passe godt for dei begge. Etterpå fekk han solgt huset.
Addies hus var like ved hans eige, 6380  Egret Dr. #19, Lakeland, FL 33809. Det har to soverom, romslig stue og kjøkken, garasje til ein bil. Addie har to barn fra første ekteskap, dei bur i nærheten.
Karen kom med mannen Riges (som eg aldri hadde sett før) og dattera Marissa frå heimen i Mississippi, 10 timers kjøring frå Lakeland. Det var svært gildt å treffe dei (sjå foto). Karen fortalde at Lisa hadde tatt det tungt då Tønnes gifta seg att, ho hadde nemlig ikkje vore i Lakeland mellom begravelsen av mora og det nye bryllupet. Men Karen syntest det var gildt at faren slapp å vere aleine lenger, og Addies barn og barnebarn var overbegeistra for Tønnes - dei hadde bedt i mange år om at mora måtte finne seg ein ny mann.