grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

02 oktober 2013

På gamle tufter i Salmeli

I går var eg og Bjørg på tur, me hadde nemlig tatt oss ein  "fridag". Eg satte Bjørg av på Nedland der ho hadde ein avtale, og kjørte videre på den 80 km lange veien til Salmeli - uten avtale. Eg traff heller ingen heime der i lia, vinka berre til eit par som kjørte heim bjørkeved i skråningen ved huset der ute. Kva gjorde eg da? Det eg hadde tenkt å gjera: Gjekk oppover i Trolldalen i retning mot Meljevatnan. Stoppa etter ein time og åt nistematen i den friske lufta i fjellet.
Tankane mine var hos Torkel Salmelid (1.mannen til fars stemor) som døyde fastklemt under høylasset i 1891, nettopp i desse bakkane. Eg kom meg tilbake og såg utover lia, frå bakken bak huset der ute. Steinet. Strevsamt gjennom 500 år - siden dei første hadde slått seg til der.
Eg hadde noen røtter her oppe i Salmeli, dei var ikkje avslitne enda. I gamlehuset der borte, trulig frå 1830-åra, hadde eg og mor og far hatt heimen vår frå ettersommeren 1937 til mai 1939. Minner frå den tida har eg ikkje, men noen røtter likevel ...