grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

05 august 2013

Kvitsund-selskap, Etiopia-brev og kveldsmøte

Høsten nærmer seg med regn og tordenvær, og hendinger og oppdrag står i kø. Bent og Ellen drog til eit nytt arbeidsår i Etiopia, på fredag, og i dag fekk me mail frå Addis Abeba med referat frå deira tur til Besseggen og flyturen til Afrika. Bare gode nyheter. Så hadde me ein "snartur" til Kvitsund til stort selskap for 50-åringene Kristen og Elin - med masse mat og god venneprat. Me var samla i matsalen på nybygget, om lag 26 med eldre og yngre, og det var nettopp dette 50-åringene ønska gaver til. På bildet står Kristen - som einaste "taler" i selskapet, og forteller frå årene som har gått. Han og Elin hadde nett hatt 27-års bryllupsdag dagen før! Bildet viser også Elin, Marie, Andreas og Kamilla. - Eg var taler på kveldsmøte i Flekkefjord bedehus, med emnet "frihet" (Joh, 8:31-32 og Rom 8:1-4). Ganske mange hadde møtt fram og deltok med vitnemål. Så undrast me på kor mykje av denne helga som vil gå i glemmeboka, og kor mykje som vil vera med og bestemme livsferda vår videre ...