grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

09 juli 2013

Ferieveke på Kvitsund Gymnas

Me hadde ei svært fin ferieveke på Kvitsund bibelcamp første veka av juli, med turer, bibeltimer og gode matretter på dekka bord dag etter dag. Eg vart med på fjellturer både til Korstoppen og til Roholtfjellet (1100 m). Me budde i Bjørketun. Stort var det å vera med på nyhustaket der Pareli med band hadde fin konsert. Eg fekk vera med og "innvia" den store, nye matsalen/møtesalen i nybygget søndag formiddag med bibeltime (1.Kor 1:30) før heimreisa vår.