grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

22 juni 2013

Simonskyrkja tur/retur

Me ser "Simonskyrkja" frå huset vårt i Flekkefjord, ein fjelltopp på 424/432 m.o.h. Eg hadde lenge hatt lyst til å dra dit, men mangla vegvisar. I ettermiddag drog eg likevel, åleïne.
Eg kjørte til Tjersland der eg fant skiltet til Simonskyrkja like ved det nydelige tømra huset til Astrid Nedrejord. Det vart litt av ein tur. Stien greidde eg å følge forbi restane av ei gammel løe, men så forsvant den og eg måtte snu. Så plutselig fekk eg auga på eit rødt malingsmerke på ein trestamme, og fant ein ny og betre sti, den rette. Denne snodde seg oppover knauser og nedover kløfter, over myrer og gjennom skogholt. Etter mykje slit og ca 1 time og  15 minutter nådde eg toppen og foreviga utsikten og fekk meg litt vatn og ein banan.
 
Men å klatre nedover samme vegen hadde eg lite hug på, den var våt og glatt mange stader. Derfor tok eg ein annen veg ned att, godt merka. Eg kom ned til ein grusveg. Men skulle eg nå ta til høgre eller venstre for å komme tilbake der eg hadde bilen? Eg måtte jo bare velge, var innom eit par små gardsbruk utan folk (trudde det var Nedrejord, men sannsynligvis var det Rødland), traff på ein eldre gubbe på "Slettå", han var ikkje til noe hjelp, viste det seg. På vegen han sendte meg møtte eg ein bil og fekk forklara at eg fant ikkje turkartet mitt til mykje nytte. Eg fekk sitja på hos han ned til Seland og videre til Nuland og så kjørte han meg like så godt heilt til Tjersland der bilen min stod. Det viste seg at han var ein fjern slektning med oldefaren frå Sinnes - det har jo eg også.(Siden han kjørte meg heilt på plass måtte eg tenkje på at eg hadde samme morgen kjørt eit par afrikanarar til toget på Sira då eg kjørte Bjørg dit - den eine tenesten er den andre verdt!) Eg kom meg inn i bilen nett tre timer etter at eg hadde starta på turen min, og så kom regnet - heldigvis ikkje før. God ende på ein fin tur! Og så smakte det med kaffe og beinstrekk etterpå.