grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

03 juni 2013

Lotto og sommeraksjon



I mai hadde eg ein 5-vekers Lottokupong med Joker, det er minst ti år siden sist. Mange NLM-prosjekt planla eg å støtte med store beløp, og barnebarna hadde sikkert også bruk for penger. Sjøl har eg nok og ikkje behov for noe ekstra. Det vart dagdraumer kvar veke og spenning kvar lørdag. Resultatet? Kr. 170, som dekte det meste av innsatsen. Eg vart sjølsagt skuffa, men ikkje verre enn at eg takka Vårherre som syter for oss utan bruk av ein svikfull lottogevinst.
Så gjekk mai over i årsmøtet for NLM Region sørvest 1-2.juni. Då kom NLMs "sommeraksjon 2013" med utfordring om å "gå lenger ut" med evangeliet, også til unådde muslimer i Nord-Afrika. Eg hadde brukt "fast givertjeneste" i mange år, i dag har eg sendt inn brev om avtalegiro for å auka beløpet. Paulus har eit godt råd til den unge Timoteus: "Har vi mat og klær, skal vi nøye oss med det." (1 Tim 6:8). Men han tenkjer også på dei andre og vil gjerne nå lenger: "Når det gjelder innsamlinga ... så skal hver enkelt av dere hjemme hos seg slev, på den første dagen i uken, legge til side så mye som dere er i stand til." (1 Kor 16:1-2). Amen.