grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

11 april 2013

Ut av Afrika?

Eg held på å fordøye opplevingane etter turen vår i Kenya og Etiopia. Det er med stor glede eg ser tilbake på konfirmasjonen i Nairobi, besøket i Ginnir i Etiopia - der Bent og Ellen arbeider , og rundturen på mine gamle arbeidsplasser i sør Etiopia. Hagere Maryam står i ein særstilling både frå over 40 år tilbake, og på turen nå. Bønnestunda i kyrkja og forbønna til min gamle medarbeider, pastor Ingida Worq (92), gløymer eg ikkje. Vert dette min siste tur til Afrika? Kanskje det. I 1937, det året eg vart født, kom Karen Blixen ut med den velkjente boka si, "Out of Africa". Det samme stod det på eine matplastposen me fekk i flyet på heimreisa. Det er ikkje med vemod eg skriv dette, men med takk til Gud for hans velsigning gjennom eit langt liv.