grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

12 juni 2013

Felleslagets busstur til Solgry

11-12.juni 2013 drog nesten 40 venner frå Felleslaget på busstur via ferje til Karmøy - Avaldsnes kyrkje - leirstaden Solgry i Sveio kommune (middag og overnatting) - videre til Talje og Finnøy (middag på Utsyn leirstad) - og så heimatt. Det vart ein svært fin tur, med Ove Sandvik og Kjell Sverre Trodahl som reiseleiarar. Fleire hjalp til slik at me fekk ein godt guida tur på alle vis. Høgdepunktene var nok Avaldsnes kyrkje og Jostein Gard som førte oss inn i soga til den gamle Talje kyrkje og blomsterdrivhuset, i tillegg til gode middagsmåltider og gild samlingskveld på Solgry. Jørn Slimestad var vår rutinerte sjåfør.

Matpause utenfor Avaldsnes kyrkje på Karmøy


Tobias og Nils Nilsen  prøver å "rette opp" den eldgamle bautasteinen, 7 m høg, med toppen bare 9 cm frå kyrkjeveggen

Bjørg i blomsterdrivhuset til Jostein Gard på Talje

Jostein Gard, Kjell Sverre Trodahl og Ove Sandvik på Talje

Talje kyrkje frå 1150 blir tatt godt vare på

Reisefølget med Sirdalsbussen utenfor Utsyn leirstad