Arne og Lillian hadde invitert alle "salmelider" til Rorbua deira på Bømlo 19-22.juli, og det vart ei storhelg med strålande sol. Ikkje alle kunne vera heile tida, men 21 av slekta var innom. Det vart velkomst for Geir Tore og Margunn med barna som nett var komne frå Nairobi, og siste gongen me så Bent og Ellen før dei reiste tilbake til Ginnir i Etiopia og oppgavene der. Det vart mange høgdepunkt: Indjera og wott, fin søndagstur uti "villmarka", koselig prat, fisketur og herlig opphald i den store og praktiske rorbua.
|
Lillian og Arne, Ellen og Bent, Elin og Kristen, Bjarne og Unn-Iren, Geir Tore og Margunn |
|
Bjørg, Arne, Bent og Ellen, Lillian med barnebarnet Oscar |
|
Geir Tore og Arne skal ut og fiske, sammen med Tomas, Renate og Joakim |
|
Oscar og morfar Arne fanga ein fin lyr ved bryggekanten |
1 Comments:
dette såg kjekt ut, farfar :)
By Martha, at 02 august, 2013 22:15
Legg inn en kommentar
<< Home