Ei travel og engasjerande veke
Eg slutta siste blogginnlegget mitt med å nevne ein gammel misjonsmann som låg for døden, det var Fridtjov Nuland - han døde tirsdag 24/09. Kona Sigrid er sterk, men å stå aleine er ikkje godt - me prøver å støtte henne nå i tida før gravferda om noen dager. Onsdag var det internasjonal samling på Bedehuset, det var Eritrea-folk som ordna med indjera og wott til alle dei som fylte opp salen, både afrikanere og nordmenn. Fin samling for vennskap og kjenskap!
Torsdagen måtte me til Gjenbruksbutikken og kom ikkje heim att før kl. 17.00. Ein time etterpå var me på Bedehuset for å gjera i stand matsalen til minnemøtet for Leif Jan Krogedal dagen etter. Begravelsen var frå Flekkefjord kirke - som vart meir enn fullsatt fredag, jordfestelsen foregjekk på ein liten gravplass på Kvanvik utenfor byen. Eg la på tre kvite roser på båra i kyrkja og hadde eit takkeord for det Leif Jan hadde vore for oss alle. Eg tok også opp kollekten ved utgangen, ei minnegave til NLM på vel kr. 28.300. Så hadde eg også minneord om Leif jan i Agder, det kom samme fredagen, med dette bildet:
Matsalen på Bedehuset var stappfull under minnesamværet, kanskje 150 var samla der - med gode minner og sanger. Leif Jans brør sang sammen, Einar Krogedal leda samværet. ... Me var heimom som snarest før me måtte tilbake til Bedehuset der bedehusbasaren skulle starte opp seinare på kvelden. Bjørg solgte basarlodd og eg solgte "årer", me kjøpte oss mat og lytta til det Odd Bjørn Tjøstheim hadde å seia oss frå Guds Ord.
Journalisten Svein Løvland i avisen Agder var der også og tok bilder og intervjua taleren Tjøstheim:
Basaren fortsetter i dag (lørdag) med samme opplegg som på fredag. På søndagen skal eg tale på Tonstad bedehus om kvelden og Bjørg skal synge i Musikklaget, på Liknes Bedehus (Kvinesdal). Det skal bli godt med noen fridager i neste veke. Og så er det bra at også pensjonister kan bli brukt ...
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home