grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

20 august 2013

"Det skjulte handikap"

Det var den sympatiske og flinke audiografen i Egersund som brukte dette uttrykket for å beskrive frustrasjonen min  når eg ikkje greier å følge med i samtalene eg skulle ta del i. Bjørg var på øvelse i Musikklaget i går kveld; eg sat heime. I kaffepausen etter øvelsen hadde fleire av damene gitt uttrykk for vansker med tunghøyrde ektefeller: "Hadde han enda sagt frå når han ikkje oppfatta det eg sa!" "Det er eg som må fortelje kva som blir sagt, ellers får han det ikkje med seg." "Når eg vert møtt med eit Kva sa du? kvar gong eg fortel noko, vert det ofte i ei litt aggressiv tone eg gjentar det - og så vert eg lei meg etterpå." "Når du er i kjøkkenet nytter det ikkje å seia noko til han som sit i stova."
Me finn litt alvorsfylt billedspråk om dette frå gamal tid: "Tenk på din Skaper ... før de onde dagene kommer, før årene kommer da du må si: Jeg har ingen glede av dem. Da blir begge dørene mot gaten stengt, og duren fra kvernen lyder dempet. En står opp til fuglekvitter, men alle sangens døtre stilner." (Forkynneren 12:1 og 4)
"Det skjulte handikap" - i dei siste dagane har eg vore i forbindelse med tre personer som hadde mista hørelsen på eine øyra slik som eg. Men til forskjell frå meg måtte dei greie seg uten "senderapparat" i det døve øyra. Så eg er kanskje betre stilt enn mange andre, likevel, og har mykje å vere takksam for.