Florida (4): Tønnes, Addie og deira kyrkje
Tønnes fylte 74 år 1.desember og det vart feira i heimen med barn og barnebarn og oss gjester. Lysene på kaka Karen hadde bakt, blåste han fort ut, og pakka opp ei verktøysgave frå steborna Cindy og Bob. Eg hadde laga ei fin fotobok om "Vår norske arv" på engelsk, både til han og til døtrene - den satte dei stor pris på. Så fekk eg også anledning til å halde tale for han og takka for hans omsorg for foreldra våre mens me var i Etiopia, og for alle gode minner.
Addie hadde eit klart syn for å pynte opp til jul, og stelle med sin gamle pus. Ho la ikkje skjul på elshugen sin til den nye ektemannen. To gonger kvar søndag spiller ho piano eller keyboard i kyrkja, i tillegg til øvelsene med kyrkjekoret på 40 medlemmer.
Lake Gibson Church of the Nazarene er kjent som "the singing Church" med ein inspirerande og gråhåra musikkleder, og ein åndsfylt prest, Charles Kirby, som dei har hatt i 15 år og som utlegger Guds Ord "without fear and favor" (uten frykt og spesielle hensyn) to ganger kvar søndag. Menigheten blei grunnlagt i 1950 og medlemmene kjem frå alle slags kyrkjesamfunn og trivst der. Det var mykje inspirerande og oppbyggelig å delta der dei to søndagene vi var i Lakeland.
Foto tatt under preludiet før gudstenesten begynte. Vi ser hodet til Addie med keyboarden. Kyrkja var fint julepynta. Tønnes var "usher" den dagen og ønska folket velkommen og var med og tok opp kollekten. Presist kl. 10.30 stod koret oppstilt og møtelyden reiste seg og sang sterkt med i ein hyllest til Jesus, Frelseren som kom til jord for å ta seg av vår sak.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home