grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

19 april 2014

Salmer med budskap om soning.

Det var skjærtorsdag med gudstjeneste om kvelden i Flekkefjord kirke. Vikarprest Frode talte om blodet som Gud sa hadde liv i seg, og derfor kunne det brukes som soningsoffer – frå påskelammet som vart slakta då Israels folk drog ut frå Egypt, til Jesu soningsblod som vart utøst for vår skyld, og til liv for oss, på Golgata. Etterpå var det nattverd, og eg tok imot den med ei kjensle av skam og skyld ... Etter eit langt liv i vissa om at eg var Guds barn på grunn av Jesu soningsdød for meg, skulle eg vel ha kjent meg betre? - Sangen til slutt traff meg med sitt budskap om at Jesu død også dekte over mine nederlag i dag. Det var organisten Geir som sang Bjørn Eidsvågs sang Du låg og skalv av angst på kne (frå albumet «På leit»). Ordene minna om Jakob Sandes sang Du som låg i natti seine, sorgtyngd, vanvørd og åleine. La meg sitere siste verset av Eidsvågs sang:

Eg vet eg ofte svikte
Eg fornekte og bedrar
eg gjer'kje det eg plikte
- eg e hjertelaus og hard.
e likasel for andres nød
og blind for venners sorg
ka bryr det meg dei andres død
min kulde e så fast ein 'borg.

Men framleis e du lika gla' i meg
tilgir meg alle feilå mine
Stille tar du kappå di av deg
tar te å vaska beina mine

Etter sangen vart det stille i kyrkja, lysestaker og liturgibok og blomster vart tatt frå alteret og plassert i sakristiet; ein svart duk vart lagt på alteret. Lysene foran i kyrkja vart sløkt. Ingen sa noe meir. Ein setning frå Jesu lidelsesfortelling sokk ned i meg: Og det var natt (Joh.13:30). Møtelyden gjekk stille ut.

Langfredag formiddag kom me tilbake til kyrkja, me var ikkje mange. Den lange lidelsesfortellinga i Joh 18 og 19 vart lest og presten Dankel hadde ei kort preik. Under denne gudstenesten sang Geir Artur Eriksons sang Frälsare på korsets stam (Ny salmebok 357). Også den hadde eit sterkt budskap. Det var for meg Jesus gjekk i døden!

Frälsare på korsets stam
nu till dig jag träder fram
du som bar min synd och skam
Jesus, Herre Jesus.

Ödmjukt till ditt kors jag går
du som all min nöd förstår
Blott hos dig jag hjälp nu får.
Jesus, Herre Jesus.
 
All min köld och urenhet,
synd, vars djup jag själv ej vet.
Fräls mig, du som känner alt.
Jesus, Herre Jesus.
 
Jag är svag, men stärk du är,
låt mig nu få känna här
att du mine bördor bär.
Jesus, Herre Jesus.
 
Led mig med din stärka hand,
lös mig ifrån syndens band.
Låt mig leva i ditt land.
Jesus, Herre Jesus.