grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

02 desember 2016

Johannes Gyland (1932-2016)



Han var ein av Indremisjonens åndelige høvdinger i Gyland; den mangeårige kreften knekte han til sist. Fredag 30/10/2009 hadde me gleden av å ha han og Jenny til kveldsmat  hos oss, sammen med forkynnarane Ole Abel Sveen og Johnn Hardang. Eg leda nattverdmøte på Gyland bedehus 27.oktober i år, då kom dei med han i rullestol, og han hadde eit svært gildt vitnemål om at han var ferdig og lengta til å "flytte heim".
  Han hadde planlagt gravferda si godt, sangene (Han tek ikkje glansen av livet. Løftene kan ikkje svikte. Jeg går til himlen, der er mitt hjem, der er ei synd eller smerte) og kven som skulle forrette (Kjell Hauan) og synge (Anne Lise Myre Nilsen og Olaf Thormodsæther). Han konkluderte til slutt med å seie: "Dette trur eg skal bli ei fin gravferd, det er nesten som eg skulle ønska å vera med sjølv."
  Torsdag 24.november var den svenske sangeren Lennard Larsen på besøk hos han, då bad Johannes om at han måtte synge denne sangen på møtet om kvelden, som ei siste helsing til møtelyden: "Det enda som bär, når allting annet vacklar, det er Guds nåd og Guds barmhärtighet. All jordisk berømmelse och glans den slocknar, när sist jag står hos Gud i herlighet." Dagen etter, fredag 25/11, sovna han fredfullt inn i stova heime på Gyland. Me lyser fred over hans gode minne, og takker Gud for det han fekk vera for mange.