Tanzania-tur og eit nytt år.
Eg sitter på fly fra Nairobi og kladder dette brevet, det er lørdag 6.01.07 kl. 14.00. Me nærmer oss Middelhavs-kysten og har fått beskjed om å halda setebeltene fastspent p.g.a. turbulens. Året 2006 kan vel også kalles turbulent, med sterke og engasjerende opplevelser som vil prege også det nye året. Da er det godt å vera fastspent til eit anker som held både for tru og liv, i visshet om at ingen ting kan skille oss fra Guds kjærlighet i Jesus Kristus – den nåden som me står i. - Guttane mine har alltid vist stor praktisk omsorg for mor og meg, til vår store glede og takksemd. Etter mors bortgang gjekk dei inn i ein sterk og følbar sorgprosess, men var også sterkt opptatt av om det gjekk bra med meg. Det resulterte bl.a. i at eg fekk tre vekers opphald i Tanzania – med julefeiring hos Geir Tore og familien hans i Kiabakari, safari i verdens mest kjente dyrepark, og opplevelser i Haydom – dette fantastiske ”prosjektet” til beste for lekam og sjel for tusener av mennesker i nød. - (På fotoet tar eg bilde av Victoriasjøen) Geir Tore og Margunn kjøpte seg hus på Lye ved Bryne da dei var heime i gravferda. Dei kjem heim til sommeren etter endt 6-års periode, og alle fire barna skal i norsk skole for første gong. At Kristen med familie er flytta til Kvitsund er vel kjent for dei fleste. Med tanke på dei barnebarna mine som går på videregående skole der, kjenner eg/me det ekstra gildt. Arne, Bent og Bjarne virker som før, men vert eldre – det ser me på dei tre konfirmasjonene som me skal i, i mai. Eg vert 70 år i 2007, sjøl om eg ikkje føler det slik. Me har planlagt eit stort ”Salmelid-treff” på Holmavatn i Olsok-helga, eg får feira bursdagen min da. - ”Eg skal ikkje sleppe deg og ikkje forlate deg”, seier Han som er den samme i 2007 som han var i fjor, Heb 13:5-8. Måtte Herren rettleia oss når me planlegger og la våre planer lykkes. ”Tidene” (åra) våre er i Hans hand, Sal. 31:16a.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home