Eunike-basar på Saron/Bryne
Evner og oppgaver (Timoteus).
Noe av dette var det eg formidla på andakten min på Brynen lørdag - barn og unge foreldre og noen med grå hår fylte Saron, og resultatet vart ca. kr. 43.000 til misjonsarbeid mellom digoane i Kenya. Foreninga hadde gjort ein kjempeinnsats.
Av og til vert oppgavene for store for oss, me har ikkje evner til å utføra det me blir pålagd, og kanskje heller ikkje utdanning og mot til det. Slik kan det vera i Guds rike også, i misjonsarbeidet der me bur. I les om ein slik i NT, det var ungdommen Timoteus som Paulus hadde sett til å vera forsamlingsleder. I byen var det mange hedndinger og Timoteus holdt på å missa motet. Då skriver Paulus brev til han, to brev – i det andre oppmuntrer han Timoteus til å stå på, til å huske på det tilliten til Gud han hadde fått frå barndommen av – av din mor og mormor, og dei evnene Gud i sin nåde hadde gitt han (2 Tim 1:5-7). Her var det ingen grunn til mismot, sjøl om han måtte lida vondt på grunn av evangeliet han forkynte.. Du skal gi vidare til andre det du sjøl har fått, sa Paulus, 2 Tim 2:2.
Vår oppgave i det halvåret me var i Etiopia i år, var å vera styrerpar på misjonens ferieplass og konferansesenter i Awasa. Me skulle sørge for at misjonærer på gjennomreise fekk det dei hadde bruk for, både av sengklær og andre nødvendige ting. Det vart mykje klesvask og stell i dei 14 leilighetane me hadde tilsyn med. Me kunne få flokker på 20-25 etiopiske ungdomsledarar på ein gong. Ofte kunne me bli trøtte av å springa med kjøkkensaker eller reparera vassrøyr og myggnett, og ergra seg over jordrotter og marekatter.
Misjonær Haraldur Olafsson skreiv for 10 år siden eit brev til dei som den gongen var styrerpar i Awasa (Marit og Ivar Tolo, 1998): ”Kan hende vert det lite misjonsarbeid du får til, du møter gjerne andre som står i viktig arbeid. Men din oppgave er nettopp å leggja det til rette slik at desse andre kan stå i fronten. Du skal få vera ein lapp i ein større heilskap. Mangler ein, så er heilskapen øydelagt. Av og til kan det vera vanskelig å halda fast på motivasjonen, når ein strir med praktisk arbeid veke inn og veke ut. Då kan det vera godt å tenkja på at eg er ikkje her først og fremst for å forkynna evangeliet, men eg er her for å gjera mitt til at evangeliet vert forkynt!”
Misjonær Berta Ånestad kom ut til ein ny periode og blei spurt om kvifor ho hadde komme tilbake til Etiopia. Ho reiste seg og las 2 Tim 4:2 (Forkynn Ordet. Vær rede i tide og i utide …) , og satte seg igjen. Svaret var avlevert. Ikkje alle kan hjelpa sjuke med medisiner og evangeliet, slik Berta gjorde det i mange år på misjonsfeltet. Men: Noen i Norge – sendemenigheten i heimlandet – hadde gjort det mul.ig for henne å stå der ute! Dere i Evnike-foreninga har laga basar for å få inn penger til eit misjonsprosjekt blant digofolket i Kenya. Måtte Herren velsigne dere alle som er lapper på den heilheten som kalles å bygge Guds rike. - TS – 15.11.08

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home