grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

21 august 2010

Kulturtur i Jotunheimen

Me var 15 deltakarar på busstur til Besstrond Sæter i Jotunheimen, 1000 m.o.h. Guri innlosjerte oss i enkle, lafta seterbuer. Elgkjøttet og desserten etterpå smakte herleg. Dagen etter var fullsatt: Først ein bratt gåtur til Besstrond Rundhøe, 1421 m., med mange småstopp og tåkedotter og vidt landskap. Den 6 timer lange turen openbarte ein fjellheim av reinmose, røsslyng og blåklokker med klare farger, tjern og berg så langt auga rakk. Om kvelden fortalte kulturguide Erling om lokale soger og dialekter og arbeidstilhøve. Han hadde med eit utvalg av gamle redskap som me visste lite og ingen ting om: (heste-)hovtang, leika (til å binde kuer i), bæremeis (for riskvistar), lensekjetting, jærkrans (for surdeig), ritmot (til å risse merker i stokker), lauvorv m.m. Det vart 3 timar kultur den kvelden før me fekk roe oss ned under dyna. Og mykje stod att på programmet for dagane etterpå: Huldrestien, Ridderspranget og - Besseggen! (fortsettelse følger)