Salmeli - med solvarme og kultur
Den 4. kulturdagen i Salmeli blei innleda av Astrid Olsen med ordene "Tobias og eg har bedt om godvær for dagen, og er virkelig blitt bønnhørt!" Ho og Åge hadde lagt alt til rette for dei nærmere 300 som brukte den fine søndagen på tur til Salmeli. Og kulturdag blei det: Lista trekkspillklubb starta opp med "La oss leve for hverandre og ta vare på den tid vi har" og avslutta med "O store Gud" og fedrelandssangen. Eg las og fortalte frå boka "Fengslet i fjellheimen" og fekk helsa på dei mange Salmeli-interesserte slektninger og venner. Gudrun Mjaaland på 94 var den eldste - det er hennes folk som har overtatt det gamle skolehuset. Karbonader og pølser og lapper og kaffe fekk me kjøpt så mykje me ville. Alle fryda seg over staden og godværet. Siden me kom opp til Salmeli allerede fredag ettermiddag, fekk me også god til til turgåing både på kjente og ukjente stier. Etter fleire forsøk fekk eg endelig samla Astrid og Åge så me fekk ta bilde - dei var ellers over alt for å ordne alt til det beste for alle.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home