Kreft i Guds hand
Nei, overskrifta er ingen trykkfeil. Eg hadde vore på MR-undersøkelse og fekk svar av i dag: Kreften min, som eg ikkje har ofra korkje tanke eller bekymring i dei siste fire åra, siden eg slutta med hormonbehandlingen, hadde utvikla ein begynnande spredning til lymfene. Ingen ting skulle gjerast med dette i første omgfang, men dersom blodprøvene viste at det var nødvendig i framtida, laut eg til med behandling igjen. Eg kjenner meg frisk og har det godt med mine og i det arbeidet eg står i som pensjonist. Men diagnosen indikerer kanskje ei forandring i planlegging og tanker. Kreftforeningen har som merke ein stilisert rosett. Eg foretrekker bildet som står i dette blogginnlegget (fotograf Marion Haslien), det passer betre med løftet frå Salme 31:16: I Di hand er mine tider, også framtida. Kvifor eg skriv dette? Jo, fordi det var ei hending i livet mitt som ville bli skrevet ned. Av samme grunn som eg skreiv om kreften i boka mi, "Med skrivekløe i misjonærbagasjen." Nå er eg, med både kreften og framtida forøvrig, i Herrens hand. DET gir frimoldighet og glede og takk.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home