
At Gud står bak små og store hendingar i tilværet, var vel kjent blant dei gamle gudsmenn: Kanskje vil han oss noe med dette? Da to arbeidarar omkom i ei ulykke på Knaben gruver i januar 1934, og da to barn drukna i Galdalsvatnet på same tid, gjorde det sterkt inntrykk. Fire kister stod side om side i Fjotland kyrkje og minna kvar og ein om at den siste dagen kan koma svært uventa. Det store vaskeriet på Knaben brant også ned i begynnelsen av februar. Og mange begynte å søke Gud på møtene, svært mange. Sokneprest Didrik Smith-Øvland var med Bertol Vatne og andre forkynnarar og leda unge og eldre til Jesus, bl.a. 16-åringen og seinare Kina-misjonæren Trygve Veggeland. Kveld etter kveld var Eiesland bedehus sprengt. På ein kveld bad 20 om forbønn, dei hadde forstått budskapet i Salme 65: "Med forferdelige gjerninger bønnhører du oss, Gud!" 16. januar 1994 vart eit program om denne vekkelsen sendt over Radio Kvinesdal. Det var Kjell Sverre Trodahl som ordna med både dette programmet og seinare då desse to minnekassettane kom ut i 2011. Der høyrer me korleis Sigurd K. Mygland, Oskar Stakkeland og Trygve Veggeland og fleire forteller fra vekkelsen. Kassettene er av stor historisk og oppbyggelig interesse, både for fjotlendinger og andre.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home