Gud - oppspinn eller realitet?
Eg besøkte tre eldre i dag, dei var henholdsvis 86, 88 og 99 år gamle. Eg gav meg god tid og var vel ein time hos kvar. Dei to eldste var trøtte av alderdom, einsemd og sjukdom, men klare i sin tillit til Herren. Guds virkelighet vart ikkje diskutert, heller ikkje hans allmakt og styring og hjelpande kjærleik og truskap. Dei mintest med takksemd Guds lovnadsord i Bibelen og dei gode opplevingane dei hadde hatt med Gud i åra som var gått. - Den yngste hadde fortsatt eit godt liv og brukbar helse. Han stod utanfor eitkvart religiøst samfunn, hans kunnskap og tanke hadde forlengst forkasta alle ideer om noen guddom som anna enn menneskeleg oppspinn og overtru. Religion hadde berre ført elendighet med seg gjennom historien og burde ignorerast av dagens opplyste mennesker. Kyrkja burde forlengst ha omdefinert slike absurde trussetninger som "Jesus for opp til himmelen og sitter ved Faderens høgre hand", sa han. - Alle tre tok vel imot meg og bad meg komme tilbake. Eg gav klart uttrykk for min egen tanke: Kva vil skje om dagens skjulte Gud likevel dukker opp? Når Jesus kjem igjen for å dømme levande og døde?
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home