grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

11 februar 2012

Morsdag!

Gratulera med morsdagen på søndag, alle svigerdøtre og andre mødre som måtte lese dette. Me les avisen Dagen, og lørdagsnummeret "Velsignet Helg" er særlig interessant fordi der står eit greit kryssord som eg slapper av med. Men i dag vart det heller vanskelig. Ei gild diktstrofe var sitert, den passa svært godt på ein morsdag: "Mor, i dag er det dagen din, i dag skal handa di kvila". Men kven var forfatteren? Eg sat med internett ei lang stund før eg fann fram til den kjente gardbrukeren, forfatteren og politikeren Anders Vassbotn (1868-1944). Han har også skrive "Å leva det er å elska". Så veit me det. Men ordene i denne sangen til mor, har eg ikkje funne enno. Minner om mi eiga mor dukker opp, ho har endelig fått kvila. Håper dere mødre får ein gild dag!