grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

10 desember 2011

Førjulsfesten

Omkring 50 personer hadde trassa sludd og snø og glatte veier og møtt fram på Tonstadli 8.desember for å treffast og få ein velsmakande julemiddag. Pinnakjøtt og ribbe og riskrem og karamellpudding, småkaker og kaffe og diverse andre godsaker som det vart mindre og mindre plass til, alt smakte som venta ekstra godt siden det var på Tonstadli og hadde betalt kr. 300,- for maten. Arild Løvås leda måltidet og hadde andakt med mange gode tanker som det kunne vera vanskelig å halde fast på - vanligvis greier me ikkje huske meir enn eitt tema etter ein andakt. Anne Lise leda møtet etterpå på ein god måte, både med fasthet og sjølironi. Bjerkreims syngande kamerater (sjå foto) sang gode og kjente sanger til litt ukjente toner - dessverre i eit møterom med dårlig akustikk. Dei sang bra og vil nok bli brukt omkring i Felleslaget. Etter kaffen var det litt leiking, den kunne me vore foruten etter mi meining. Innslaga høvde sikkert godt for 10-åringer på leir, kanskje for ungdommer også, men vart både mindre passande og litt langdrygen for 50-60-åringer. Eit vel førebudd kåseri om eitt eller anna hadde vore mykje betre.