grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

30 mars 2012

Sterkt kall til frelse og misjon

Samlinga på Ersdaltun torsdag vart til inspirasjon for vel 50 tilhøyrarar. Magne Birkedal understreka Jesu innbydelse i Joh. 6:37: ”Den som kommer til meg vil eg aldri støyte bort!” Ein kristen er karakterisert nettopp ved dette, at han kom ein gong og stadig kommer til Jesus – da er han eit Guds barn og vil ikkje bli bortvist. Det er ikkje den ”rette omvendelsen” som frelser, men tilliten til dette løftesordet av Jesus. – Tobias hadde deretter noen misjonsglimt: Ut fra den store og fine jubileumsboka som vart utgitt på lørdag da Randaberg Misjonsforsamling hadde sin 100-års-fest, fortalte han om korleis misjonsvennene og misjonærene vart grepne av misjonskallet slik at det vart skapt foreninger og utreiser. ”Felleslaget av foreninger” frå 1912 var nå blitt til ei ”misjonsforsamling”. Dei første misjonærene med tilknytning til Randaberg var Andreas og Magda Bø som reiste ut i 1935/6, 2/53! Mangor Harestad vart møtt med Guds ord frå Ordsp.4:27: ”Vik ikkje av til høyre eller venstre”, og så sendte han sin søknad til Fjellhaug Misjonsskole i 1977, og fekk seinare 12 år i arbeid i Peru. Tobias minna om at Flekkefjord felleslag blir 70 år i 2013, kanskje er det på tide også for oss å danne ein ”misjonsforsamling”?
I forkant av kveldens inspirasjonssamling, hadde styret for Felleslaget sitt møte. På bildet frå høgre ser me Arild Løvås (styreleder), Bjørg Nedland Salmelid, Borghild Tonstad, Øivind Tandstad, Trygve Myre, Per Øystein Rogstad, Kjell Sverre Trodahl (Felleslagets sekretær 1988-2012) og Ove Sandvik (Felleslagets områdearbeider fra april 2012). Leif Jan Krogedal kom seinare.