Tønnes og Addie på norsk jord
Dei kom etter planen med LH i dag til Sola kl. 12.50, og då stod Bjørg og eg og tok imot bror min og hans nye kone som me ikkje hadde møtt før (bildet er vel eit år gamalt). Dei var trøtte, men i god form. Det er nok 10 år siden Tønnes var i Norge sist, og Addie har aldri vore her. Tønnes fekk ut ein liten leiebil han hadde bestilt, svart Polo. Me kjørte ned til Sandnes, til den kinesiske Peking-restauranten i Storgata og fekk oss svært god lunch. Dei tok inn på Sverre Hotell like ved og i morgen skal dei med ferja inn til Lysebotn og vidare til Tonstad - dei kjem vel til Flekkefjord utpå dagen fredag. Då me kom heim laut me handla inn litt til Salmeli-"festivalen" vår og plukka inn i godvêret ripsa våre - vel ei stor bøtte. Og så takke me Vårherre for soldagen!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home