grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

22 juni 2012

Pensjonistenes opplevelsesveke

Foran sitter Gurine Nedland med sønnen Lars Sigmund, bakenfor står dei amerikanske gjestene Rita, Sarah og Don, med Gurines barnebarn Kim og Lars på hver side.

Seint mandags kveld kom vi tilbake frå Oslo og fekk ta imot tre amerikanske gjester som skulle feire Tante Gurines 100-årsdag på Tjørsvågheimen tirsdag 19.juni - vi hadde vore hos dei på Amerikaturen vår tre år tidligere. Etter den storslåtte feiringa med slekt og kjenninger, ordførerbesøk og telegram frå Kongen, vart dei verande hos oss meir eller mindre til lørdagen. Det var gildt, men litt slitsamt - vi hadde dei med oss til Nedland og andre stader. Torsdagen var dei borte slik at vi fekk virka som medarbeidarar på Gjenbruks-butikken i Kvinesdal den dagen - der salget  kom opp i kr. 12.500. Om kvelden hadde eg andakt på nattverdmøtet og minna om det løftet eg sjøl hadde fått: "Lukk opp munnen din, så skal eg fylle den, seier Herren" (Salme 81:11). Så vart det førebuing til søndagen der eg skal tale på Staddelandsstevnet i Kvinesdal, og skrive andakt til avisen Agder. I morgen, lørdag, skal Bjarne ha sin "styrkeprøve", sykling frå Trondheim til Oslo, 540 km, på vel 16 timer - om han klarer det. Og på søndags kveld 1.julikommer Geir Tore heim frå bibelskolearbeidet i Nairobi/Kiabakari. Margunn kom nesten to veker tidligere med barna. Dei reiser ut igjen til Nairobi 1.august.