grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

06 juni 2012

Eit annleis misjonsmøte

Det var Arvid Krogedal (69) som var annonsert: Han skulle fortelja frå Afrika-reiser på tirsdagsmøtet vårt på bedehuset. Han er ein mangfoldig kar som har arbeidt med praktiske løysinger ved misjonsstasjonene (kyrkjesentrene) våre i Tanzania. På bildet ser vi han i arbeid med trampoline ved Den norske skolen i Nairobi. Men han kom ikkje, hadde nok dobbelbooka.
Møtelederen Sven Hogstad talte i staden: Vi fekk ei levande fortelling om Jesu naglemerka hender og Jesu læresveiners  gang gjennom påske og pinse. Sven overførte apostlanes misjonsoppdrag til oss - nå er det vi som er Jesu hender her i verden, i vår tale og vårt virke for han.
På oppfordring fortalte Leif Jan Krogedal om deira tur til Finnøy, og til det korset som var reist ved heidningegravhaugen der ved Berge-varden. Korset talte: Det var for meg! (Fotografen er Ove Sandvik, felleslaget.blogspot.com)