grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

01 juni 2012

Solskinnsturer: Salmeli og Homma

Ei gruppe historieinteresserte menn frå Kvinesdal hadde bedt meg med som guide på ein tur til Salmeli, det var onsdag 30.mai, med litt kald luft og varm sol. Det var Sigbjørn Risnes, skolekameraten min frå barneskolen, som hadde ordna det heile. Dei som deltok var bl.a. Kjell Sinnes, Lars Emanuel Egeland (som hadde filintervju med meg)  og Svein Jortveit. Eg peika og fortalte og las stykker frå boka mi "Fengslet i fjellheimen". Ein svært gild tur.

Torsdag bar det på ein liknande tur til Homma i Gyland, me var 25 i lag som Kjell Svindland hadde invitert til hytta si - fin våravslutning på Musikklaget før sommerferien. Kjell hadde sørga for at alle måtte vere med i litt lek (boccia og pilkasting, der bl.a.Bjørg vant ei Svindlandspølse), og at alle fekk det dei ville ha av grillmat utpå ettermiddagen. Timane der oppe vart avslutta med kaffe og ei svært gild vitne- og sangstund inne. Både Olaf og Alf hadde jo trekkspillene sine med. På bildet under ser me Kjell sammen med Sivert Hansen ved grillen, Bjørg i bakgrunnen.