Visst skal våren komme ...
Trass i litt kulde innimellom, kald vind og snøbyger, så er våren komme for å bli. Lauvverket vitner om det, kvitveis og løvetann setter farge på naturen - også rhododendrum og ripsbærblomster i hagen. I dag feirer me 8.mai, fridomsdagen frå 1945 - mange gav livet sitt for at me skulle få eige denne fridomen. Heilt nøgde vert me aldri her i verden, Den praktfulle naturen vil visna og døy når vinteren kjem. Lekamen vår går litt etter litt til grunne. Midt i alt dette har me Guds løfter om ein ny himmel og ei ny jord der rettferd bur. Herren har vore med oss inntil i dag, etter sitt løfte, og me har derfor heller ingen grunn til å tvile på dei løftene han har gitt oss for framtida.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home