Alle ti samla til selskapet 21.04.12
Det var stort å ha mange venner og trufaste medarbeidere i bursdagsselskapet vårt, men ekstra gildt at dei fem guttane mine og alle svigerdøtrene kunne komme og vere mellom oss både på lørdags ettermiddagen og i heimen vår. Dei kom frå Lørenskog, Kvitsund, Bømlo og Randaberg - og like fra Nairobi. Dette siste sette jo ein spesiell spiss på det heile, spesielt for brødrene som ikkje visste at Geir Tore og Margunn hadde komme til Norge og selskapet vårt. Eg var på Sola og henta dei fredags morgen, og etter knappe 10 dager her skal dei tilbake til Nairobi der fire barn venter spent på far og mor. Ingen av barnebarna var med på lørdag. Når Geir Tore med familie kjem heim att til sommeren på planlagt Norges-opphold eit par måneder, skal både små og store prøve å samlast - så mange som mulig - til eit skikkelig Salmelid-treff på Salmeli olsok-helga 28-29.juli. Me kan bli 34 i alt! Då reknar me med at bror min, Tønnes, også kjem med kona Addie. Me gler oss både over bursdagslørdagen og den kommande familiesamlinga!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home