grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

16 mai 2012

Tirsdagsmøte med misjonskall


Misjonssambandet hadde misjonsmøte denne tirsdagen 15.mai, som vanlig med 24 frammøtte. Sigrid og Kitty sørga for smørbrød og kaffe, Jan Østrem var innbudt "gjestetaler", Reidar var pianist og eg - Tobias - hadde møteleiinga. Eg opna med bønn og minna om dei første truande som vart forfulgte i Jerusalem og blei spreidde omkring - noen kom til storbyen Antiokia og forkynte Jesus der. Barnabas vart sendt dit for å styrka dei i trua, seinare fekk han også Saulus/Paulus med seg for å undervisa dei hedningekristne der - og det var også i denne byen dei truande først vart kalla "kristne", Apg. 11:19ff. Østrem nevnte kor vanskelig det var å unngå frykt og bekymring gjennom livet, og kor godt det var å ha Gud som si berging og frelse, Jes 12:2-3. Når Gud var blitt frelsaren, kunne den truande gå ut med frimodighet og kunngjere frelsesbudskapet også til andre. (Foto viser Jan Østrem til høgre, sammen med Kjell Svindland, begge er tidligere ordførarar i Flekkefjord)
   Eg hadde "kollekttale", nevnte at NLM dreiv ytremisjon og hadde sterkt behov for misjonsgaver, men også til NLM sitt indremisjonsarbeid var det nødvendig med pengemidler. Nå var det leirstaden Ersdaltun det gjaldt, me skulle ha basar og trong penger til ein hovedgevinst - "Flekkefjordkort kr. 1500", som eg ville ta av kollekten. I tillegg hadde me fått noen loddbøker til basaren slik at me hadde mulighet til å vinne igjen denne hovedgevinsten. Vel, det vart kr. 8.550 i kollekt, av dette tok eg kr. 1350 til basargevinst (kr. 150 hadde eg fått inn tidligare). Storarta! Men få basarlodd vart solgt, mange hadde nemlig fått tilsendt slike før og tatt nummer.
   Ved avslutninga las eg om korleis misjonskallet kom til Paulus ved Damaskus, Apg.9:15-16, og vart realisert gjennom menigheten i Antiokia i kap. 13:1ff. Også me er ein sendemenighet med ansvar for våre utsendinger. Eg nevnte også Bent og Ellen som nå skal ut igjen til Øst-Etiopia og trong forbønn både for seg og borna som blir att heime. Birgit nevnte korleis Guds rike hadde vokse fram ute i misjonslanda, og Mary var bekymra for korleis det skulle gå med kristentrua i landet vårt når grunnloven blir forandra. Eg bad Leif Jan avslutta med bønn for landet vårt før me gjekk frå kvarandre. Det vart eit tradisjonelt misjonsmøte, og dei trufaste misjonsvennene vert eldre etter kvart.Det merkes. Ein kom i rullestol og to med rullator. Men ein sak er dei einige om, dei har fått eit misjonskall som styrer både bruken av deira tid og penger.  Måtte Herren velsigne dei alle.