grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

18 mai 2012

Nasjonaldagen, fest og feiring


Rammen om 17-mai-feiringa var den tradisjonelle for oss to. Me stod utenfor Bedehuset og såg på barnetoget, gjekk så til kyrkja og hørte preika til presten Ljøkjell, deretter til bankkjeller-kafeen der me fekk oss kvar vår gode lapskaus. Det småregna og var kaldt heile tida, så det gjorde godt både med frakke og kåpe. Bjørg hadde tatt med seg ei halv fyrstekake til Birgit og og fekk kaffe og venneprat der før me kjørte heim att og tok ein velfortjent (?) middagskvil. Nasjonalfesten på¨Bedehuset om kvelden kl. 19.00 var alle tiders, med Per Stordrange som leder, åpningsmusikk av Misjonsmusikken (bildet), sang av Musikklaget og av mannsgruppa Dekor, og ein glimrande og innhaldsfull tale for dagen av stortingsrepresentant Dagrun Eriksen (foto til høgre): Ho talte om løkplanter som måtte setjast sammen for å få eit fint blomsterresultat etterpå, og om forandringen i Grunnloven par.2 på mandag når "statskirka" skal bli "Norges folkekirke" . Det heile vart avslutta med pølse og iskake.