grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

16 juli 2012

NLMs generalforsamling ei stor oppleving

GF 2012 på Lillehammer 11-15.juli var ei stor og velsigna oppleving for mange med meg, dei reknar med nærare 5.000 mennesker - deriblant 1000 utsendinger frå foreningene omkring i landet. Vi trenger tid til å fordøye alle inntrykk, her er bare noen glimt:
- Valget på Hovedstyremedlemmer gjekk fint, Lars Gaute Jøssang vart gjenvalgt som styreformann og Terje Eggebø som nestformann. Det er gode og erfarne menn vi har stor tillit til.
- Bibeltimane til den danske generalsekretæren Jens Ole Christensen over 2 Kor 3-4-5 var særs gode, eg må nok tilbake til dei seinare.
- Grunnreglane for NLM vart gjennomgått med noen små forandringer, helst av språkleg art: "Nemnd" vert erstatta med komitè, "ute og heime" med nasjonalt og internasjonalt, foreninger og lag og forsamlinger vert av og til slått sammen under benevnelsen misjonsfellesskap, "misjonsmark" er nå misjonsfelt, og "krets" er sjølsagt blitt til region i grunnreglane.
- Hovedstyret fekk kritikk av bl.a. protokollkomiteen fordi saka om eige trussamfunn ikkje var tatt opp under GF 2012, nå kjem den ikkje opp før i 2015, i Stavanger.
- Både Dagen og Vårt Land hadde gratisaviser til alle allerede kl. 9 om morgenen, med fyldige referater frå høgdepunkta under GF..
- Svært gode sangkrefter var med, ikkje minst var familien Gallatin godt representert. Ellers var det jo ei storhending å lytte til konserten som den amerikanske Lynda Randle hadde, denne får eg komme tilbake til.
- Det store hotellet Radisson Blu og kjempehallene Håkon og Kristina var brukte fullt ut, og svært tenlege til samlingane og oppholdet.
- Så er det jo fantastisk gildt å få treffe igjen gamle venner og kjenningar ellers. Gunnar Oseng med fleire hadde ordna med den tradisjonelle samlinga for alle som kjente på ei tilknytning til Etiopia, det var bestilt indjera og wott til 100 personer, det kom 170! Tore Vågen orienterte litt og nevnte at det var svært gledelig at dei nå fekk ut Anders Dalane som NLM-representant (leder) i Etiopia, og at Ellen og Bent skulle komme til Ginnir, øst i landet.
- Vi er svært takksamme til ledelsen i NLM for tilrettelegginga av GF, og til Gud som velsigna oss under samlingene og møtene.