grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

13 august 2012

Bent og Ellen drar til Øst-Etiopia

Under Salmeli-treffet Olsokhelga feira vi Bents 50-årsdag og bare få dager etterpå reiste han med kona Ellen til Etiopia for å virka som misjonærer der i helse- og utviklingsarbeidet i østre delen av landet. Forrige veke fekk dei ordna med papirer og avtaler og praktiske ting og mobiltelefon og mykje meir i hovedstaden, og i dag er dei på farten videre mot sørøst til Ginnir. Så vert det innføring i arbeidet og språkkurs i oromo før dei kan komme skikkelig i gang. Planen var å vere der i ein toårsperiode om det går greit i arbeidet. Dei var sterkt motivert for oppgavene, og vi i heimlandet vil følge dei i bønn og omtanke så godt vi kan. Måtte Herren gje helse og medarbeidere for tenesta der!
Her i Flekkefjord har vi hatt ei fin solhelg med eineståande Israel-stevne i Lyngdal heile lørdagen, for beit skandinavia, og gild misjonsgudstjeneste i kyrkja i går der Bjørg og eg deltok i flaggprosesjon. Om kveldan hadde eg bibeltime på Bedehuset over Efeserbrevet, til forståelse av teksta og kva den betyr for oss i vårt kristenliv.