grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

01 september 2012

Gild basarsamling på Ersdaltun

Fredag 31.august, ein dag med strålande sol og fullmåne, vart stovene på Ersdaltun fylt av misjonsvenner frå by og bygd. Ove Sandvik understreka budskapet for kvelden med Jesu ransakande spørsmål til disiplane: "Vil dere også gå bort?", og Peters bekjennelse: "Du har det evige livs ord, og vi tror og vet at du er Guds Hellige." (Joh. 6:66-69). Som vanlig vart god mat og kaker servert, og Arvid Skåland leda oss greit gjennom basartrekningane og kakelotteriet. Både han og lederen for Eigersund Musikklag, Tor Magne Haraldseid, la alvoret i budskapet sterkt inn over tilhøyrarane: "Få di sak med Gud i orden før det blir for seint!"
Svanhild Kittang og medhjelparane skal ha stor takk for arbeidet dei gjer for basaren. Ersdaltun er til stor velsigning for både barneleirer og møtene ellers i Felleslaget vårt.