Julen 2012: Snø, selskap, bøker, kirkegang
Ei tradisjonell julefeiring som me ser tilbake på med glede og takksemd. Det vart ein god del snømåking, og uværet gjorde at me faktisk kutta ut gudstenesten juleaften og gjekk heller til kyrkje både juledag (Flekkefjord) og 2.juledag (Gyland, med samme tekster som 1.dag). Garviksfolka kom til oss og fekk pinnakjøtt og multekrem julekvelden, og så fekk me ribbe og riskrem 2.juledag på Nedland. Me fekk mange harde pakker til jul, 10-12 bøker som delvis var "bestilte" (Hobbiten, Livet - skapelse eller tilfeldighet, og bøker av Sverre Bø, Bjerkholt og Nummela) i tillegg til overraskelser (Gjertrudas løfte, Det doble håpet, Boktyven, Stormfullt hav, og av Allende, Tatlock m.fl.). Desse bøkene skal ikkje gøymast bort i ei bokhylle! Me ga kvarandre noen "nytteting" i tillegg. Eg hadde gitt alle barneborna penger som julegave, og gledde meg over at dei gav uttrykk for at alt kom vel med. Jovisst er rammen kring julebudskapet både mangfoldig og glitrande, uten å skjule hovedsaka: Sleppe Jesus inn i hjerta vårt, la han få eiga oss og styre med oss i kvardagen - i takksemd over at Gud har gjort oss til sine barn ved at han kom her ned og ordna vår sak..
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home