grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

30 april 2014

Det hender at Gud viser seg

Det var misjonsmøte for NMS på Bedehuset og prestekona frå Kvinesdal hadde andakt. Ut frå Salme 31:16, "Mine tider er i di hand", talte ho om Guds hand til frelse og til dom: "Er mi hand for kort til å fri ut, har eg ikkje kraft til å berge?" (Jes. 50:2); "Det er fryktelig å falle i den levende Guds hender." (Heb. 10:31). Ho fortalte at dattera deira døydde plutselig i Oslo, bare 25 år gamal, der ho studerte. Dei fant henne død om morgenen uten at dei var klar over at ho hadde ein alvorlig sjukdom. Men denne samme natta hadde deira yngste datter hatt eit syn. Ho drømte at ho såg søstera ligge i senga si og hadde vondt for å puste. Ved sida stod Gud, med fryktelig harme rasa han mot alle vonde krefter i rommet. Så vendte han seg mot senga og med eit mildt uttrykk i ansiktet strøk han over den sovande jenta med si gode hand. Då vakna lillesøstera.
Eit sterkt minne dukka opp hos meg. Eg hadde skreve boka om Gunda Tonstad, "Navnløs dåd", og deltatt i hennes begravelse 6.juli 2004. Den vart foretatt av Liv Grethe Skiftun, prestedattera frå Kvinesdal som studerte ved Menighetsfakultetet og var vikarprest i Sirdal den sommeren. Då eg hørte at ho var død så plutseleg i oktober, sendte eg mitt foto frå begravelsen til faren, soknepresten. - "Å, det var du som skreiv den boka", sa prestekona då eg takka henne for andakten, "eg har lese den og sett bildet frå begravelsen." - "Takk fordi du fortalte om lillesøsteras draum", sa eg stille, "det hender at Gud finner det nødvendig å vise seg sjølv i syner, men vanligvis er det tilstrekkelig for oss å sjå den han har skrive om seg sjølv i Ordet."