grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

16 juni 2017

Bustad i byen

Det tar 15-20 minutter å gå frå leiligheten vår (Løvikgt 5E) til Utsikten, og derfrå ser me mesteparten av byen. Heilt til høgre ligger det nye og store Athos-bygget med leiligheter, bank og Rema1000. Bakenfor det ser me eit hus med rødt tak, det er Løvikgt 5. Sykehuset, kirka og det nye kultursenteret er godt synlige. Tidligere hadde me ein 3 km lang kjøreveg til butikksenteret ved Athosbygget, nå har me 4-5 minutters gangveg. Me merker forskjellen! Onsdag var det bønnestund på Bedehuset kl. 11.00, 5 minutters veg frå huset vårt. Eg minna om det Paulus seier i Rom 5, om vår rettferd og fred med Gud (v.1), men også om lidelser (trengsler) som følger med det å vera eit Guds barn (v.3). Me har fått opplevt at Gud har ført oss til ein god leilighet, men han har ikkje oppfylt våre bønnen om å få selge huset vårt i Gråsteinsveien. Han har kanskje ein grunn for det, for å lære oss utholdenhet og eit prøvet sinn og eit håp, slik det står i vers 3-4. Vår egenvilje og ønske er ikkje alltid det rette, nå venter me på "Guds time", på at hans vilje skal skje ...
   Ved middagstid tok eg den vesle fiskestanga vår og prøvde den utmed brygga , og fekk for første gong ein liten fisk, ein sei som eg tok med meg heim og gjorde klar til middagsmat i morgen. Så mykje middag får me ikkje av den, men det var den første!
   Om kvelden kl. 6-8 var me på byen der Englekafeen hadde stor folkefest med gratis rekemat til alle. Mange hundre var samla, me fekk både åndelig føde og nok av skalldyrmat. Til og med "han innante" kom på besøk, og Tove frå Englekafeen heldt ein fin evangelisk og personlig tale til folket. Det vart ein godt organisert og gild kveld på bryggekanten.