...kven skal da ha det du har samla?
Det var ein rik bonde som planla å utvida løa si for å få meir avling inn, så skulle han ta seg tid til å nyte livet. Men Gud hadde andre planer, samme natt skulle nemlig bonden døy. Kva så med rikdommen han hadde samla seg? Fortellinga er ei av Jesu liknelser, Luk 12:16-24. Eg skulle tømme huset etter ein lærer som var død, over 90 år gammel. Sakene hans skulle sorterast, fleire permer med plastlommer måtte eg tømme for innhaldet skulle kastast og så kunne eg overta plastlommene til forskjellig bruk. Da kom tanken til meg: Skal du fortsette å samle slik at guttane dine får bryet med å kjøre papirene dine til søppelmottaket når di tid er omme?
Me måtte jo kontakta Gjenbruksbutikken for å be dei komme og hente det som var brukbart for salg videre. Dei kom og bilen vart full. Da kom det alvorleg frå ein av hjelparane, Gerhard: "Det er i grunnen svært at me skal samle på ting eit heilt liv, og så skal andre streve med å bli kvitt det heile når tida kjem." Sant sagt. Eg måtte berre ta det til meg fordi ein av mine hobbyer er nettopp å samle på papirer og lime noen av dei inn i utklippsbøker. Me veit ikkje kor mykje me hart før me skal flytte. Og nett nå er det nettopp flytting som er i tankane våre, forlate vårt gode og store hus i utkanten av byen og flytte til ein grei leilighet i sentrum.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home