Martin Luther og Wesleys paktgudstjeneste
Mellom dei ti bøkene vi
fekk til jul var også Magerøys bok om Martin Luther - vi går jo inn i
500 års jubileet for Luthers 95 teser på kyrkjedøra i Wittenberg
31/10/1517. Boka er bra, og det kjennest både godt og nødvendig å fornya
kunnskapen vår om hovedsaka i Luthers kamp for Skriften, Nåden og Trua.
Han oversatte Det nye testamentet i 1520 og skreiv eit solid forord til
skriftene der, bl.a. Romerbrevet. Dette forordet hørte presten John
Wesley opplest i ei kyrkje i London i 1738, og fekk "en visshet om at
Jesus hadde tatt bort mine synder og frelst meg fra syndens og dødens
lov." Dette ble starten på vekkelsesbevegelsen som førte til at
Metodistkirken ble oppretta.
Vi overvar "paktgudstenesten" i Flekkefjord Metodistkirke nyttårsdagen, ei spesiell halvannen times helliggjørelsesgudsteneste der Sten Sørensen var forkynner ("om fornyelse") og ungdomspastor Einar Christian Drange leder. Han hadde på seg prestekjole, det brukte aldri pastor Jan Robert Madsen. Drange hadde også ein stola kring halsen, dekorert med korset og flammen. Ritualet ellers skreiv seg frå Wesley i 1755/1780, og var sjølvransakande og alvorsfylt, avsluttet med nattverd. Ein god start på eit nytt år!

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home